Cow Parade Telemark, Norway2000
 
 View page in English


Newsletter:

press release

06/ 14/ 06 Kurikt opningsshow i Kviteseid

PRESSEMELDING
frå Dyrsku'n Arrangement AS
13. juni 2006

CowParade Telemark 2006:
Kurikt opningsshow i Kviteseid
laurdag 17. juni!


Det er venta minst 3000 menneske til opninga av det elleville, internasjonale ku-prosjektet CowParade i Kviteseid laurdag 17.juni. Opninga av ComParade Telemark 2006 er gratis for publikum.

Kviteseid i kuas teikn
17. juni vert ein dag for kua, kunsten og kulturen i Kviteseid: Her kan ein oppleve 30 festlege og fantasifulle kyr, dekorerte av kunstnarar frå mange kantar. Kyrne vil få ein våryr koreografi for første gong ute på landet. Tidlegare har kyrne berre vore å sjå i metropolane.

Det heile for å feire at Telemarkkua er 150 år gammal i år som eigen rase, vakre, levande Telemarkkyr kan ein òg sjå. Aduking av eit ku-monument, laga av Telemarks-kunstnaren...... , står også på programmet. Heile tida er det høve til å nyte den einaste mjukisen - softisen - i verda, laga av mjølk frå Telemarkkyr.

Landbruksminister Terje Riis-Johansen opnar festen. Knut Buen spelar fele som berre han kan det. Ikkje nok med det, Bjørn Sunquist har laga folkespel, alt medan ein kan smake på lokale spesialitetar.

28 kunstnarar og fire skoleklassar har dekorert dei tretti kyrne i glassfiber. Kyrne har kvar sin vert som ser eit samband med den ideen som ligg bak dekorasjonen. BÃ¥de kunstnarane og vertane er til stades under opninga saman med sjefen for CowParade Europe, Charles Langhorne.

Kuhjelp
CowParade Telemark 2006 samarbeider med Utviklingsfondet og inntektene frå ku-auksjonen på Seljordutstillinga Dyrsku’n søndag 10. september går til eit viktig jordbruksprosjekt i Malawi.

Tidligare har Elton John, Ringo Starr, Oprah Winfrey, Dronningen av Jordan og Buckingham Palace kjøpt kvar si CowParade-ku og støtta ymse gode tiltak. Det er spanande å sjå kven i Norge det er som kjøper ku! Kan det vere Rosalin, den vene, rosemåla kua til Bjørg Oseid Klevia som går? Eller Fredskua til Gunilla Holm og Camilla Prytz som går ut av landet etter auksjonen 10.september?
Kjøparar kjem frå fleire land, men ein håpar at kyrne blir i landet vårt. Det er opp til norske verksemder og enkeltmenneske.

Dei som står bak CowParade Telemark 2006
Hovudvertar er Vest-Telemarkrådet med ordførarar frå Hjartdal, Seljord, Kviteseid, Tokke, Nissedal, Fyresdal og Vinje, Telemark fylkeskommune, Fylkesmannen i Telemark. Arrangør er CowParade Telemark 2006 i samarbeid med Dyrsku'n Arrangement AS, Telemarkreiser AL og Telemarksforsking - Bø.

Fargerikt og fantasifullt
CowParade er eit moderne, globalt kunstprosjekt som har inspirert kunstnarar over heile verda til å lage fargerike og fantasifulle kyr som har vore stilt ut i metropolar. Kvar ku har ei verksemd som vertskap som høver saman med kunstnarens ide. Etter utstilling vert kyrne auksjonert bort, og inntekta går til velgjerande tiltak. CowParade kan ein i sommar sjå i gatene i Paris, Athen, Buenos Aires, Edinburgh, Boston, Denver, Lisboa, Mexico City - og i Telemark der kyrne får sjå grønt gras - ikkje berre asfalt! Det er første gong siden starten i Zürich i 1998 at kyrne paraderar på landsbygda.
Til CowParade Telemark 2006 er det dekorert 30 glassfiberkyr i naturleg storleik av lokale kunstnarar. Kyrne stilles ut frå 17. juni til 20. august.

For meir informasjon, gjer vel å kontakte:
Hanne Liseth, presseansvarlig CowParade Telemark 2006, Kulturmeglerne AS, tel: +47 2240 5992/+47 9082 1951 epost: hanne.liseth@kulturmeglerne.no

Back

welcome |  the cows |  artists |  sponsors |  the city |  news |  fun + games |  shop |  about |  contact
© Copyright 2004-2005, CowParade Holdings Corporation, Privacy Policy, Terms and Conditions
welcome |  the cows |  artists |  sponsors |  the city |  news |  fun + games |  shop |  about |  contact

© Copyright 2009, CowParade Holdings Corporation, Privacy Policy, Terms and Conditions