Cow Parade Telemark, Norway2000
 
 View page in English


Newsletter:

press release

06/ 14/ 06 CowParade Telemark 2006: 30 fargerike kyr paraderer frå 17. juni!

PRESSEMELDING
FRÅ DYRSKU’N ARRANGEMENT AS
13. juni 2006

CowParade Telemark 2006:
30 fargerike kyr paraderer frå 17. juni!


Telemarkskua fyller 150 år, og Seljord-utstillinga Dyrsku'n fyller 140 år på same tid. I samband med desse jubilea kjem den elleville kunstutstillinga CowParade til Telemark frå 17. juni til 20.august.

Ku-show i Kvitseid 17. juni
- Opninga av CowParade Telemark 2000 i Kviteseid 17. juni vert litt av ei oppleving for store og små. 30 kyr skal paradere for alt folket.
- Eg kan ennå ikkje røpe kven som skal opptre denne dagen, men både levande Telemarkyr og festleg dekorerte kyr i glassfiber skal ein få sjå. Sjølvsagt vert det livleg musikk, om ikkje kalvedans, så skal kyr danse. Folkespel vert det også, fortel Nicolai Riise i Dyrsku'n Arrangement AS.

Han kan òg fortelle at dei 30 fargerike glassfiberkyrne skal settjast opp sentrale stader i Kvitseid, den vene tettstaden ved Telemarkskanalen. Etter ei veke skal kyrne ut på nye beitemarker i Fyresdal, Nissedal, Tokke, Tinn, Bø, Vinje, Hjartdal og Seljord i Øvre Telemark. Dei "går på bås" 20.august.

Rosemalt ku, diskoku og skiku
- Rundt om i Telemarks kraftige landskap kan folk sjå og ta på desse glade og fargerike kyrne som ikkje har vore "på landet" før, men i mange storbyar verda over, seier Riise.
- Her er det kyr i mange variantar: eg kan berre nemne Råneku, Diskoku, Fredsku, den rosemåla kua Roselin, Dyrskua, skikua Løypelin Lauslåm og Solkos, seier Riise.

Talentfulle tvillinger
Nicolai Riise vil spesielt nemne Telemark-tvillingene Johannes og Knut Skrede Østevik på 12 år som har måla kyrne sine heime i Seljord. Dei har fått namna Råneku og Der ingen skulle tru at nokon kunne bu-ku. Kua med det lange namnet skal landbruksminister Terje Riis-Johansen vere vert for. Han er jo òg telemarking. Riise trur folk vil verte overraske over kvaliteten på arbeidet til desse to unge.

Spektakulært
Oslo-kunstnarane Camilla Prytz og Gunilla Holm har dekorert tre kyr som skal henge i vaier over det berømte Rjukan-juvet: Fredsku i perlemor med vengar, dei like glitrande Gullkalven (laga som ei lysekrone) og Diskoku (sølv med perleglassmosaikk).

Smørbukk-kunstnar
Solveig Muren Sanden frå Kviteseid og Ruth Kvålo Dalen frå Straume i Øyfjell dekorerer ei ku dei har kalla Teleros. Solveig Muren Sanden teiknar framleis Smørbukk i avisa Vest-Telemark Blad i Seljord, i ein alder av 88 år. Mykje yngre Ruth Kvålo Dalen jobber både med keramikk og måleri og er mest kjend for sine morosame skulpturar.

Ku-auksjon for Utviklingsfondet
CowParade Telemark 2006 med Utviklingsfondet. Overskotet frå ku-aksjonen på Seljordutstillinga Dyrsku'n søndag 10. september går til eit jordbrukprosjekt i Malawi. Både Elton John, Ringo Starr, Oprah Winfrey, Dronninga av Jordan og Buckingham Palace har kjøpt kvar si CowParade-ku. Kven i Norge som bil kjøpe ei ku, skal verte spanande å sjå.

Kua støtter ei god sak
-Malawi er eit av dei vakraste landet i Afrika, men store område er plaga av tørke, fortel Arvid Solheim, dagleg leiar av Utviklingsfondet. Hungerkatastrofer, AIDS og mindre og mindre jord til kvar familie har tvunge bønder til å selje dyra sine. Den tidlegare eineherskaren Banda kravde dessutan at bøndene berre skulle dyrke mais.
Det stroket i Malawi som skal ha pengane frå ku-auksjonen, har ikkje sett noko til bistandsmiddel før.
- I samarbeid med lokale styresmakter og bønder legg vi opp til eit kredittsystem slik at bønder kan få husdyr, såkorn og opplæring til å drive allsidig og berekraftig landbruk, seier Solheim.

Malawi-kua
Kunstnaren Elson Kambalu frå Malawi deokrerer Utvklingsfondets ku. Ho har fått namnet Kalde føter som skal fortelle om dei problema folket i Malawi har, seier Kambalu.
Han dekorerte kua si heime hos ein annen ku-kunstnar, Karin Køltzow.
- Å vere kunstnar i eit land der dei fleste kjempar mot svelten, er ikkje lett, seier Kambalu som er knytt til eit kunstsenter. Han driv med formidling av lokal kunst til verksemder i utlandet eller til ambassadar som vil ha lokal utsmykking. Han har hatt utstillingar i USA og Storbritannia.

Telemarksku-meieri
- 22. august skal fleire kyr vere med under åpninga av Fyredal Meieri, fortel Nicolai Riise. Det vert einaste gongen andre enn Telemarkskyr får vise seg her for dette vert eit meieri som berre skal ta i mot mjølk frå Telemarkskua.

Dei som står bak CowParade Telemark 2006
Hovudvertar er Vest-Telemarkrådet med ordførarar frå Hjartdal, Seljord, Kviteseid, Tokke, Nissedal, Fyresdal og Vinje, Telemark fylkeskommune, Fylkesmannen i Telemark. Arrangør er CowParade Telemark 2006 i samarbeid med Dyrsku'n Arrangement AS, Telemarkreiser AL og Telemarksforsking - Bø.

Fargerikt og fantasifullt
CowParade er eit moderne, globalt kunstprosjekt som har inspirert kunstnarar over heile verda til å lage fargerike og fantasifulle kyr som har vore stilt ut i metropolar. Kvar ku har ei verksemd som vertskap som høver saman med kunstnarens ide. Etter utstilling vert kyrne auksjonert bort, og inntekta går til velgjerande tiltak.
CowParade kan ein i sommar sjå i gatene i Paris, Athen, Buenos Aires, Edinburgh, Boston, Denver, Lisboa, Mexico City - og i Telemark. Der får kyrne sjå grønt gras - ikkje berre asfalt! Det er første gong siden starten i Zürich i 1998 at kyrne paraderar på landsbygda.
Til CowParade Telemark 2006 er det dekorert 30 glassfiberkyr i naturleg storleik av lokale kunstnarar. Kyrne stilles ut frå 17. juni til 20. august.

For meir informasjon, gjer vel å kontakte:
Hanne Liseth, presseansvarlig CowParade Telemark 2006, Kulturmeglerne AS, tel: +47 2240 5992/+47 9082 1951 epost: hanne.liseth@kulturmeglerne.no

Back

welcome |  the cows |  artists |  sponsors |  the city |  news |  fun + games |  shop |  about |  contact
© Copyright 2004-2005, CowParade Holdings Corporation, Privacy Policy, Terms and Conditions
welcome |  the cows |  artists |  sponsors |  the city |  news |  fun + games |  shop |  about |  contact

© Copyright 2009, CowParade Holdings Corporation, Privacy Policy, Terms and Conditions